Vellukka entreprenørskapsmesse

450 elevar frå ungdomsskulane i Sogn fekk ein innhaldsrik dag på entreprenørskapsmessa i Gaupne.

Hovudmålgruppa for messa er dei 360 elevane i 8. klasse. Dei fekk plenumsforedrag av Yngvar Andersen og 12 lokale verksemder opna dørene for elevane og viste mangfaldet av spennande arbeidsplassar i Sogn.

Arrangør av messa var Luster kommune og Sogn regionråd. Elevane frå Luster ungdomsskule og Hafslo barne- og ungdomsskule var flott vertskap. - Dei var guidar, informasjonsmedarbeidarar og vertar i tillegg til at dei sjølve deltok med elevbedrift.

24 elevbedrifter frå 9. klasse i dei åtte kommunane konkurrerte i tre kategoriar. Vinnarane er "Omsorgsgjengen" frå Kvåle ungdomsskule (kategorien "Nyskaping og kreativitet"), "Sunn energi" frå Aurland barne- og ungdomsskule (kategorien "Berekraft") og "Superbursdag" frå Hafslo barne- og ungdomsskule (kategorien "Formidling og kommunikasjon").

Les meir på Luster kommune si nettside.

Program

 OmsorgsgjengenOmsorgsgjengen

Sunn energiSunn energi      

 SuperbursdagSuperbursdag       

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS