Vellukka omdømmeseminar

Regionråda i fylket og KS arrangerte konferanse med tema omdømmebygging av kommunal sektor. 66 deltakarar frå 17 kommunar i Sogn og Fjordane deltok på eit særs spanande og lærerikt seminar.

Åsbjørn Vetti frå KS var kursleiar, og sa mellom anna at "Kommunal sektor har dei viktigaste og blant dei mest spanande og varierte jobbane. Desse må vi marknadsføre og synleggjere".

Vetti held også eit inspirasjonsføredrag på Karrieremessa i Sogndal kulturhus.

Presentasjonane frå Omdømmeseminaret og inspirasjonsføredraget på Karrieremessa
 

2011-02-16 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut