Widerøe har tilpassa flyruta om morgonen

Widerøe har tilpassa flyruta slik at passasjerar som ikkje får plass på den direkte ruta til Sogndal-Oslo, kan reisa via Bergen og vera i Oslo kl 0920.

Sogndal lufthamn. Foto: Avinor

Tilpassinga av flyruta Sogndal-Bergen kom etter møtet mellom samferdslegruppa i Sogn regionråd og Widerøe tysdag 8. april. Samferdslegruppa peika i møtet mellom anna på behovet for auka kapasitet om morgonen til Oslo. Widerøes tilpassing gir eit betra tilbod på dei pressa dagane.

 

2013-04-25 Karina Nerland
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut