Arbeidet omfattar godkjenning, tilsyn, rådgjeving og rettleiing i høve til kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. Både private og tilsette i offentleg og privat sektor kan kontakta miljøhygenikar med spørsmål om helse og miljø. Det er seks kommunar i Sogn regionråd som er med: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Vertskommune er Sogndal kommune og meir informasjon finn du på deira nettsider.