Samferdslegruppe er samansett av fire ordførarar: Ivar Kvalen (Luster), Arnstein Menes (Sogndal), Roy Egil Stadheim (Vik) og Petter Sortland (Høyanger).

Dagleg leiar i Sogn regionråd er sekretær for gruppa.

Arbeidsgruppa har ikkje vedtaksmynde, man kan gje tilråding til regionrådet innan sine saksområde. Mandatet til arbeidsgruppa er å:

  • ta initiativ til tiltak og prosjekt som stør opp om og utviklar tenesta i regionen
  • førebu saker og gje tilråding til regionrådet
  • påverka avgjerdstakarar i retning av avgjerder for å betra tilbodet i regionen
  • gje fråsegn

Alle saker skal vera forankra og vedtekne i regionrådet før iverksetjing. Sjå retningslinjene.