Analysen viser at det ikkje er tilgang på bustader som er det avgjerande med omsyn til lokal og regional utvikling, heller ikkje i Sogn. Bustadmarknaden er ein av fleire faktorar som spelar inn når det dreiar seg om kor attraktive kommunane i Sogn er for både eigne innbyggjarar og potensielle tilflyttarar. Fleire av kommunane i Sogn har i dag nesten fråverande synleg leigemarknad, og rapporten viser til at det i seg sjølv er uheldig.

Rapporten føreslår fleire tiltak som kommunane eller regionrådet kan iverksetja for at regionen vert meir attraktiv for busetjing; utvikla attraktive sentre, utvikle offentleg-privat samarbeid, planleggja og tilretteleggja for å prøvebu og gje stønad som stimuleringstiltak. Å sikra busetjing og rekruttera arbeidskraft til regionen er eitt av Sogn regionråd sine mål, og analysen gir oss eit kunnskapsgrunnlag om bustadmarknaden. Regionrådet vil arbeida vidare med oppfølging av rapporten.

Det er Ideas2Evidence som har laga rapporten på oppdrag frå Sogn regionråd. Sogn og Fjordane fylkeskommune har bidrege med statistikk og innspel undervegs.

Bustadmarknaden i Sogn - rapport