Hovudmålet er å presentere entreprenørskapsarbeid for alle 8. klassane i regionen, der dei får sjå gode elevbedrifter frå 9. klasse. Elevbedriftene får presentere seg i den felles digitale sendinga frå kl. 10. 

Førearbeidet har gått på kvar ungdomsskule som så har meldt på sine bedrifter som skal delta vidare i felles konkurranse med alle påmelde ungdomsbedriftene frå Sogn. Dei seks kategoriane bedriftene skal konkurrere i er: 

1. Beste elevbedrift  2. Beste nærmiljø/Lokalsamfunnsprosjekt 3. Beste ide 4. Beste klima og miljøtiltak /Berekraftprisen 5. Beste video 6. Beste salsbedrift

Ein jury samansett av personar frå privat og offentleg næringsliv, kårar vinnarbedriftene på grunnlag av innsend video og intervju med alle bedriftene. Direktesendinga 21. april vil bestå av fagleg innhald, premieutdeling, kahoot, underhaldning og overraskingar.

Sogn regionråd arrangerer messa i samarbeid med Ungt Entreprenørskap.

Følg direktesendinga her: Elevbedriftsmessa i Sogn - YouTube

Vi ser fram til ei spennande og innhaldsrik messe!