Barnehagetilsette fekk digital presentasjon om arbeid med barnehagelova og aktivitetsplikta i praksis. Det var mobbeombod i Vestland, Aina Drage som stod for det faglege innhaldet og dette var ei vidareføring av arbeid som leiarane starta med på ei leiarsamling i oktober.

Fagdagen for SFO-tilsette vart gjennomført digitalt der nokre kommunar sat skulevis medan andre samla sine tilsette i SFO innafor kommunen. Temaet for dagen var «Med leik som kompass» med fagformidlarane Lene Holte og Lene-Marie Monrad-Hole frå Styd kompetansesenter. Luster samla sine SFO-tilsette på Hafslo barne- og ungdomsskule i gymsalen. Presentasjonen la til rette for fagleg påfyll, refleksjonsøkter og deling. Skulen fekk og vise fram sin SFO, der dei hadde jobba i forkant med å tilretteleggje for at areala i SFO skal i motivere og gje plass til kreativ og elevstyrt leik og eit godt psykososialt miljø.

Skulane sine tilsette fekk vidare innføring i fagfornyinga og dette vart ei forlenging av den digitale fagøkta ved skulestart. Det var også denne gongen Dag Johannes Sunde som var fagformidlar.