Tema første del av dagen var utviklingstrekk og regionale utviklingsprosjekt. Oddbjørn Bukve ved Høgskulen Sogn og Fjordane viste til at den største utfordringa for Sogn korkje er storleiken, geografien eller kompetansen, men evna til å forplikta seg på og følgje dei strategiane som ein veit er dei som kan føra fram over tid. Regionrådet kan gå føre med å utvikla rolla som strategisk-politisk organ. Deltakarane fekk også vita meir om regonrådet sine satsingsområde, arbeidsformer og dei to prosjekta "Sats på skulen - snu Sogn" og "Reiselivsorganisering i Sogn".

Samhandlingsreforma og Lærdal kommune sin forstudie om Sogn lokalmedisinske senter var tema andre del av dagen. Deltakarane fekk høyra om nasjonale føringar og rammer, status i forstudien, tankar om aktuelle tenester og helsesamarbeid frå Helse Førde og erfaringar frå legevaktsamarbeidet i Sunnfjord.

Kommunane skal i løpet av juni ta stilling til regionalt barnehage- og skulesamarbeid, reiselivsorganisering og helsesamarbeid.

Program

Presentasjonar

Folkevalddagen 2012 leiar og Bukve

Folkevalddagen 2012 deltakarane

 

 

 

 

 

 



Professor Oddbjørn Bukve og leiar i Sogn regionråd Noralv Distad. Over 100 kommunestyremedlemar samla på folkevalddagen i Sogndal.