Kommunane i Sogn regionråd samarbeider om risikoreduserande og skadeførebyggjande tiltak, forsikring, felles kjøp av forsikringstenester og felles administrasjon av forsikringsordningar. Kyrkjeleg fellesråd deltek også i forsikringssamarbeidet.

Rådmannsgruppa har laga ein forsikringsstrategi. Målet med strategidokumentet er å forankra eit felles grunnsyn i høve til risikohandtering og forsikringsdekking.

Forsikringsmeklarane Waco Forsikringsmegling AS forvaltar forsikringane for kommunane.

Dei sju kommunane i Sogn regionråd har ei solidarisk ordning ved at eigendel av skadeutgiftene over kr 50 000 vert fordelt mellom kommunane. Les meir om rutinen.