Sjefsarkitekt og byplanleggar Michael J. Fuller-Gee utfordra til grep som fremmer folkehelse og meir bærekraftige løysingar. Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord snakka om at "ein god stad å bu er ein god stad å besøkje" og korleis få til ei reiselivsutvikling som er berekraftig for innbyggjarar og besøkande. Bodil Kidøy Lunde frå Gravdalgruppa fortalde om prosjekta som er inspirert av buforma "cohousing" med fellesrom for gode møteplassar og gjesteleiligheiter. Arkitekt Gøran Johansen delte sine erfaringar om minihusprosjektet med å bu på ein meir økonomisk, miljøvenleg og fleksibel måte.

Paneldebatten siste del av dagen gav dei 70 deltakarane høve til å henta enno meir kunnskap frå innleiarane om kva som er framtidas bustadformer langs Sognefjorden.

Presentasjonane:
Bukvalitet og buformer Michael Fuller-Gee, sjefsarkitekt og byplanleggjar
Ein god stad å bu er ein god stad å besøkje Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør Visit Sognefjord
Framtidas bustader Bodil Kidøy Lunde, dagleg leiar Gravdalgruppen
Minihusprosjektet i Aurland, Gøran Johansen, arkitekt
Oppsummering frå paneldebatten