Sogn regionråd er samarbeidsorgan for sju kommunar Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Kommunane satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar, og gjennomfører prosjektet Sogn for alle. Innvandrarar representerer ein viktig ressurs for utvikling av sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Målet for prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Det er utarbeidd ein prosjektplan og strategi- og handlingsplan. Prosjektet starta i 2020 og vi har fått på plass ein struktur som sikrar brei involvering og samhandling med næringsliv, kommunar og frivillig sektor. Vi har etablert fire delprosjekt med kvar si arbeidsgruppe; arbeid, bustad, språk og utdanning og familie og fritid.

Vi har ledig 100% stilling som prosjektleiar i tre år frå 16. august 2021.

Arbeidsoppgåver

Prosjektleiar har ansvar for å leia, koordinera og følgja opp prosjektet, og oppgåver som inngår er å
-  vera ein pådrivar for at arbeidspakkane i prosjektet blir gjennomført
-  ha eit tverrfagleg ansvar og kvalitetssikre det heilskaplege arbeidet
-  samarbeide med lokalt næringsliv, offentleg og frivillig sektor
-  samordna og motivera aktørane i det regionale utviklingsarbeidet
-  rapportera til styringsgruppa

Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.
- Erfaring i å leia utviklings- og prosjektarbeid.
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.
- Næringslivsbakgrunn eller erfaring frå arbeid med næringslivet.
- Kjennskap til kommunesektoren og frivillig arbeid.

Vi ønskjer ein person som
- Kan vise til oppnådde resultat og har evne til å drive utviklings- og fornyingsarbeid.
- Er god på nettverksbygging og samhandling.
- Er engasjert, initiativrik og sjølvstendig.
- Har evne til å samarbeide med mange aktørar og til å motivera til utviklingsarbeid.

Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver.
​- Aktivt og engasjerande arbeidsmiljø.
- Lønn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilsetjingsvilkår:
- Tilsetjinga er mellombels med moglegheit for fast tilsetjing.
- Sogndal kommune er arbeidsgjevar.
- Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.
​- Nynorsk vert nytta som skriftspråk.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Karina Nerland tlf 908 30 284 eller e-post karina.nerland@sogndal.kommune.no

Søknadskjema for stillinga finn du på sogndal.kommune.no

Søknadsfrist: 10. mai 2021.