Regionalplanen er eit styringsdokument for regionrådet sitt arbeid dei neste fire åra. Planen har fokus på det regionale perspektivet og felles satsingar, og inneheld dei viktigaste områda som kommunane vil samarbeida om og løysa i lag. 

Det overordna målet er at vi skal vera ein pådrivar for å gjera Sogn attraktiv for innbyggjarar, næringsliv og besøkande. Planen inneheld fire tema: Attraktiv buregion, kompetanse, næringsutvikling og samferdsle. Rådet foreslår å prioritera og spissa arbeidet i ti satsingsområde. 

Rådet vedtok i møtet 11. desember å senda framlegget på høyring til kommunar og eksterne aktørar. Vi ber om at innspel til regionalplanen blir sendt til postmottak@sogndal.kommune.no.

Høyringsfristen er 15. mars 2021. 

Regionalplan for Sogn 2021-2024 - høyringsframlegg