Det er stort behov for sjukepleiarar i dei sju kommunane i Sogn. Prognosar viser at sjukepleiarar er av dei yrkesgruppene det vil vera størst mangel på i åra som kjem. Sogn regionråd tok i 2019 kontakt med Høgskulen på Vestlandet med ønske om å få på plass ei deltidsutdanning i sjukepleie i Sogn. 

Høgskulen planlegg ei deltidsutdanning frå hausten 2021. Tilsette i kommunane i Sogn kan ta utdanning i kombinasjon med vanleg arbeid. Innhaldet i utdanninga er det same som på heiltidsutdanninga. Det blir samlingar i Førde ilag med studentar frå regionane Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn og Nordfjord. I tillegg blir det bruk av digitale løysingar i undervisninga og digital rettleiing. Studentane vil jobba tett ilag i lokale grupper. Studiet går over fire år. 

Med studiestart hausten 2021 ligg det godt til rette for at interesserte kan kvalifisera seg i høve opptakskrava. Krava for å kunne starte på studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Tilsette som må kvalifisera seg må ta privatisteksamen seinast våren 2021. Tilbod om støtteundervisning i norsk og matematikk starta hausten 2020 på Sogndal vidaregåande skule. Undervisninga er viktig for tilsette å delta på for å kvalifisera seg til opptak av sjukepleiarstudiet. Vi har fått kompetansetilskot frå Fylkesmannen til norsk- og matematikkundervisninga og fornyingsmidlar til prosjektleiinga.

Er du tilsett i ein av regionrådskommunane og ønskjer meir informasjon, kan du kontakta leiaren din eller prosjektleiar. 

Prosjektplan
Informasjon frå Høgskulen til aktuelle kandidatar 24. januar 2020
Presentasjon frå Høgskulen på informasjonsmøte 15. juni 2020