Rapporten er utarbeidd av Segel AS på oppdrag frå Sogn regionråd. Visit Sognefjord AS har bidrege med innspel før og under analysearbeidet.

Analysen viser at bedriftene ønskjer at eksisterande marknader vert vidareutvikla. Visit Sognefjord bør vidareutvikla marknadene både med profil- og produktmarknadsføring som stør opp under dei ulike konsepta.

Mange aktørar er opptekne av produktutvikling. Analysen viser at manglande transporttilbod mellom enkeltprodukta er ei barriere og det bør bli betre samhandling mellom dei som bestillar transport, transportleverandørane og dei andre reiselivsaktørane. Sterkare fokus på organisering og samhandling i Sognefjordregionen ser ut til å bli ein viktig faktor for ei vellukka skulder- og vintersatsing. Aktørane meiner at Visit Sognefjord er ei rett satsing. Kunnskap om kvarandre sine produkt, utarbeida gode forretningsmodellar og betre informasjonsspreiing mellom aktørane er tiltak som analysen peikar på.

Rapport - heilårs reiseliv, Segel

Visit Sognefjord vil bruka analysen for å utvikla Sogn som heilårs reisemål og reiselivsdirektør Ståle Brandshaug orienterte regionrådet i møtet 24. juni korleis dei vil følgja opp arbeidet vidare, sjå presentasjon