To flotte og tydelege konferansierar i Tom Rune og Andrine frå Sagatun skule leia opnings- og avsluttingsseremoniane strålande, i tillegg hadde vi god hjelp i frå russen på Sygna som stilte med underhalding og som elevvertar saman med elevar og vaksne på Sagatun skule som var vertsarrangør.  

Ein nytta 10-årsjubileet til å prøve ut noko nytt. Vi hadde i år difor fokus på berekraftig utvikling og reiseliv, med ein innovasjonscamp for 8.klasseelevane i regi av Ungt entreprenørskap.
9.klasseelevane hadde tradisjons tru stand der dei viste fram sine elevbedrifter. Ein jury vurderte og plukka til sist ut vinnarar i dei seks kategoriane elevane visste dei ville verte vurdert etter. Kategori og vinnarar for i år var:

Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt: Tradisjonell matglede ved Aurland barne og ungdomsskule. Dei hadde samla inn lokale oppskrifter og laga kokebok. Elevane er: Nora T. Aarskog, Inger Anne Kvam og Jenni Børresen.
Beste idè: Bright Light ved Sagatun skule, Balestrand. Dei hadde laga lysestakar av gamle kobbarrøyr. Elevane er: Noh Fisseha, Simon Kleive, Erik Petzche og Johannes Myklebust
Beste salsbedrift: Showtime ved Kaupanger skule. Dei hadde arrangert teater for barn med framsyning. Elevane er: Nora Selman, Lousie Tveito og Erlend B. Loftesnes.
Best forretningsidè: SIGABRT ved Luster og Kvåle skule. To elevar har gått saman, laga og utvikla ein lekseleseapp. Elevane er: Eskil Gjerde Sviggum og Vebjørn Elvekrok.
Beste stand: Fredagskokkane ved Kvåle skule. Elevane har saman med miljøarbeidar laga mat kvar fredag til elevar og lærarar ved skulen sin. I tillegg har dei utvikla sin eigen logo, laga knekkebrød og div kjeks for sal. Elevane er: Markus Nedrehagen Ivin, Guro Nesse Hillestad, Fadumo Elmi Yusuf og Gyrid Supphellen
Beste klima og miljø / Berekraftprisen: IPlast ved Feios skule. Dei har hatt stort fokus på miljø, og har i tett samarbeid med bl.a. Simas sett på og forska på dei ulike utfordringane med plast i naturen. Elevane er: Therese Bøthun, Viktoria Midlang Harbakk og Alexsandra Hauglum.

Vi ønskjer å takke vertskommunen Balestrand for det gode samarbeidet. Ein spesiell takk går i denne samanheng til Sagatun skule og til Sygna vidaregåande skule for god hjelp i forkant og under arrangementet.

Vedlagt finn de bilete frå arrangementet, tatt av Sagatun skule sin elev Simon Kleive.

Vi ser allereie fram til neste års entreprenørskapsmesse, spennande elevbedrifter og få oppleve ein innhaldsrik dag i vakre Aurland, 24. april 2019.