Det er stort behov for sjukepleiarar i dei sju kommunane i Sogn. Prognosar viser at sjukepleiarar er av dei yrkesgruppene det vil vera størst mangel på i åra som kjem. Sogn regionråd tok i 2019 kontakt med Høgskulen på Vestlandet med ønske om å få på plass ei deltidsutdanning i sjukepleie i Sogn.
Høgskulen planlegg ei deltidsutdanning frå hausten 2021. Tilsette i kommunane i Sogn kan ta utdanning i kombinasjon med vanleg arbeid. Innhaldet i utdanninga er det same som på heiltidsutdanninga. Det blir samlingar i Førde ilag med studentar frå regionane Ytre Sunnfjord/Ytre Sogn og Nordfjord. I tillegg blir det bruk av digitale løysingar i undervisninga og digital rettleiing. Studentane vil jobba tett ilag i lokale grupper. Studiet går over fire år.
Med studiestart hausten 2021 ligg det godt til rette for at interesserte kan kvalifisera seg i høve opptakskrava. Krava for å kunne starte på studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Tilsette som må kvalifisera seg må ta privatisteksamen seinast våren 2021. Tilbod om støtteundervisning i norsk og matematikk starta hausten 2020 på Sogndal vidaregåande skule. Undervisninga er viktig for tilsette å delta på for å kvalifisera seg til opptak av sjukepleiarstudiet. Vi har fått kompetansetilskot frå Fylkesmannen til norsk- og matematikkundervisninga og fornyingsmidlar til prosjektleiinga.
Er du tilsett i ein av regionrådskommunane og ønskjer meir informasjon, kan du kontakta leiaren din eller prosjektleiar.
Søknadsfristen til studiet er 15. april 2021.
Les meir i brosjyra frå høgskulen
Prosjektplan
Informasjon frå Høgskulen til aktuelle kandidatar 24. januar 2020
Presentasjon frå Høgskulen på informasjonsmøte 15. juni 2020