Norsk skule manglar i dag den direkte koplinga mellom entreprenørielle aktivitetar og måla i læreplanen. Skal skulane bli meir entreprenørielle og utviklingsorienterte, må vi synleggjere korleis vi når måla i læreplanen med entreprenørskap som metode.

Prosjektet har to hovudmål: 1) synleggjere kva mål i dei spesifikke læreplanmåla for kvart fag på 1.-10. trinn i grunnskulen vi kan oppnå og realisere, med bruk av entreprenørskap som metode og 2) synleggjere, dokumentere og vise verktøy, arbeidsmåtar og eit utval av metodar skular kan nytte i arbeidet med å nå måla i læreplanen med bruk av entreprenørielle verktøy som metode.

Prosjektet enda opp med ei entreprenøriell verktøykasse; eit sett av dokument, døme, presentasjonar, malar og idear som kan nyttast for å nå dei overordna måla i læreplanen.

Sogn regionråd har fått midlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og regionrådet har løyvd eigne midlar til prosjektet.

Kari Sletten Samland stiller på skulebesøk med presentasjon/workshop og deler sine erfaringar til andre skular i regionen.

Sluttrapport