Hovudmålet er å presentere entreprenørskapsarbeid for alle 8. klassane i regionen, der dei får sjå gode elevbedrifter frå 9. klasse.

Førearbeidet har gått på kvar ungdomsskule som så har meldt på sine bedrifter som skal delta vidare i felles konkurranse med alle påmelde ungdomsbedriftene frå Sogn. Dei sju kategoriane bedriftene skal konkurrere i er: 1. Beste elevbedrift, 2. Beste nærmiljø/Lokalsamfunnsprosjekt, 3. Beste ide, 4. Beste klima og miljøtiltak /Berekraftprisen, 5. Beste stand, 6. Beste salsbedrift og 7. Beste video. Ein jury samansett av personar frå privat og offentleg næringsliv kårar vinnarbedriftene. 

Føredragshaldar er Kjetil Hovland som er grunnleggar og eigar av bedrifta Digital Etikett. 

Sogn regionråd arrangerer messa i samarbeid med Luster kommune og Ungt Entreprenørskap. Regionrådet har møtet same dag og ordførarane deltek på messa.

Vi ser fram til ei spennande og innhaldsrik messe!

Les meir i brosjyra

Oversikt over deltakande elevbedrifter