Kommunane Balestrand, Leikanger, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal var samla på Årdalstangen.

I oppstartsmøte vart tenestetilbod, samferdsle, samfunnsutvikling og lokaldemokrati drøfta. Dei brukarnære tenestene som barnehage, skule, sjukeheim, legeteneste og kulturtilbod skal framleis liggja der innbyggjarane bur. Tenester som ikkje er stadbundne kan plasserast friare i den nye kommunen, og korleis fordela slike funksjonar vil kommunane diskutere i tida framover. Helseadministrasjon vart trekt fram som ein funksjon som kan lokaliserast uavhengig av kor innbyggjarane bur.

Forhandlingsutvala er samde om å sikra arbeidsplassar i alle eksisterande kommunehus.

Dei folkevalde ser styrka samfunns- og næringsutvikling som kanskje den viktigaste effekten av ein større kommune. Fleire trekte fram arbeidet med å betre infrastruktur, sikra arbeidsplassar og leggja til rette for nyetablering og vekst i heile kommunen.

Det blir fleire møte fram til 1. februar om innhaldet i intensjonsavtalen for ny kommune.

Intensjonsavtalen vil gje innbyggjarane eit grunnlag til å ta stilling til eventuell kommunesamanslåing.

Deltakarane opplevde forhandlingsklimaet som godt og at det var ein god, open og ærleg tone. Mange uttrykte at forhandlingsutvala fekk fram viktige synspunkt og problemstillingar og at utvala i løpet av møtet kom lenger i drøftingane enn forventa.

Forhandlingsutvala møtest igjen fredag 15. januar. Les meir om møta i forhandlingsutvala.

Forhandlingsutvala intensjonsavtale 7.-8.1.2016.jpg

Seks kommunar er i gang med forhandlingar om intensjonsavtale

Program
Oversikt over kommunane sine vedtak
Notat - arbeid med intensjonsavtalen
Status og framdriftsplan av 4.12.2016​

Les meir om kommunereforma i Sogn