Grøn region-prosjektet har kvalifisert 7 konsept i Indre Vestland som bidreg til å nå klimamåla og som aukar verdiskapninga ved å ta del av kvarandre sine verdikjeder. Og av desse har Sogn fire prosjekt:  

  • Hardanger Hydrogen Hub – bærekraftig samarbeid i fjorden
  • Siderklynga – hauster frukter av lokal innovasjon
  • Biogassanlegg Voss – sirkulær verdi av avfallsprodukt
  • Flåm - knutepunkt for grønn turisme i Indre Vestland
  • Årdal Teknologipark – klynge rigget for fremtidens industri
  • Sogndal - smartbygda
  • Sirkulære Høyanger – store moglegheiter i etablert industriby

Indre Vestland med Hardanger, Voss og Sogn er ein av fire regionar som har vore med prosjektet. Rapporten får fram at potensialet for utsleppskutt, verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar er stort, og viser kva kvar region må gjere for å lukkast med grøn omstilling. 

Rapporten gir fem tilrådingar til kva vi bør satse på framover:

  • utnytta kraftfordelen
  • auka sirkulariteten for realisering av regionen sine konsept
  • regionalt samarbeid om reiseliv
  • bli best på samskaping og samarbeid
  • vera ein attraktiv stad å bu og besøke 

Rapporten Grøn region Indre Vestland

Rapporten vart lansert 8. desember på Voss, sjå opptaket.

Grøn region Vestland er ein partnarskap mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Prosjektet gir innspel til fylkets handlingsprogram 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping. Les meir om prosjektet på fylkeskommunen si nettside