Ungdomane deltok med kreativitet og skaparglede gjennom påmelde bedrifter til Ungt Entreprenørskap. Dei konkurrerte i seks ulike kategoriar. Ein jury med medlemer frå offentleg og privat næringsliv kåra vinnarane på grunnlag av ein innsend video og gjennom intervju med alle påmelde bedriftene. Livesendinga gjekk til alle ungdomsskulane, som fekk ein presentasjon av bedriftene gjennom videoane dei hadde laga og sendt om bedrifta si.

Sendinga vart opna av leiar i Sogn regionråd, Hilmar Høl.  Der var også musikkinnslag frå elevar ved musikklinja på Sandane vidaregåande skule. Deretter vart vinnarane kåra med grunngjeving på kvifor dei vart best i sin kategori.

Resultatet vart slik:

Beste elevbedrift:       Handlelett EB – Aurland barne- og ungdomsskule
Beste lokalsamfunnsprosjekt:    Fuglamat EB, Hafslo barne- og ungdomsskule
Beste ide: Lustrastativet, Luster ungdomsskule
Berekraftprisen: Koronapatruljen EB, Høyanger skule
Beste video: Luster streetbasket EB, Luster ungdomskule
Beste salsbedrift:  Julemagasin EB, Kvåle skule

Ein quiz, der det og kom mange spørsmål frå sendinga, vart vunnen av elev frå Farnes skule. Premien for alle vinnarane er pizza til klassen sin og vinnarbedriftene får diplom. Pizza er også premien til kahoot-vinnaren.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap og Sogn regionråd. Ordførarane i Sogn var samla på regionrådsmøte og følgde direktesendinga.