Dei ni kommunane i Sogn regionråd satsar heilskapleg på barnehage- og skuleutvikling. I det regionale utviklingsprogrammet "System for styrka læring" frå 2013-2021 er psykisk helse i barnehagar og skular eitt av seks strategiområde. Psykologstillinga er eit samarbeid mellom kommunane i Sogn regionråd og Høgskulen på Vestlandet. Vi ser koplinga mellom høgskule, vidaregåande skule, grunnskule og barnehage som avgjerande viktig i arbeidet for psykisk helse for barn og unge. Det er langs denne kjeda vi kan arbeide godt førebyggjande og konkret med psykisk helse til barn og ungdom. Psykologen vil arbeide tett på barnehagar, skular og kommunane, og bli ein del av fagmiljøet på Høgskulen på Vestlandet.

Arbeidsoppgåver:

  • utvikling av kompetansehevingstiltak for tilsette ved barnehagar og skular
  • rettleiing og undervisning av personale i helse, barnevern, barnehagar, skular og PPT
  • ​undervisning og utviklings-/forskingsarbeid ved lærarutdanningane og eventuelt andre profesjonsutdanningar ved høgskulen

Stillinga er 100% med fast tilsetjing. Sogndal kommune er arbeidsgjevar. Arbeidsplass vert på høgskulen på Campus Sogndal eller kommunal kontorstad i Sogndal etter avtale. Sjå heile utlysinga på  www.sogndal.kommune.no. Kontaktperson er dagleg leiar Karina Nerland tlf 57 62 96 14.

Søknadsfrist: 24.2.2019

Les meir om utviklingsprogrammet System for styrka læring