Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr vi mentoropplæring til bedrifter i Sogn for å vidareutvikle inkluderingskompetanse.

I programmet vil vi sjå på det fleirkulturelle arbeidslivet og korleis handtere og forstå kulturforskjellar. Tema som kommunikasjon og tilbakemelding, handtering av konflikt og kunnskap om psykisk helse og arbeid, vil stå sentralt. Deltakarane vil vere med å gje innhald til programmet som krev aktiv deltaking og deling.

Ein mentor er ein læremeister, det er den gode kollegaen som får og tek ansvar når det kjem nye på arbeidsplassen. Dei fleste arbeidsplassane har tilsette som lett tek denne rolla. Mentorprogrammet er eit fint tilbod til dei. Det er ein føremon om deltakarane har noko erfaring med å ta i mot og ha oppfølging/opplæring av nytilsette.

Utviklar bedrifta god mentorar vil det gje ein god start på eit arbeidsforhold. Ved å delta i programmet bidreg bedrifta i Sogn regionråd sin innsats for eit meir inkluderande og mangfaldig arbeidsliv.

Vestland fylkeskommune og Sogn regionråd finansierer programmet.

Invitasjon til bedriftene