Det var ein ivrig gjeng som var samla på Sogndal Hotel tysdag 13. oktober. Saman utforska vi kva det vil seie å vere mentor, korleis bedriftene jobbar med integrering og inkludering, vi snakka litt om korleis vi forstår kultur og korleis vi held oss til ulikskapar. Språk og kommunikasjon var også tema som vi tek med oss vidare til neste samling.

Ved å ha tilsette med på programmet får bedriftene ein unik sjanse til å utvikle sin inkluderingskompetanse. Motivasjonen er å heve kvaliteten på arbeidet med å ta i mot nytilsette, gje opplæring, oppfølging og støtte. Ein takk til mentorane og bedriftene som ved å engasjera seg bidreg til arbeidet for integrering og inkludering i Sogn.

Ønskjer di bedrift å vera med? Vi har framleis nokre ledige plassar. Kontakt prosjektleiar Heidi Myrvold på tlf 958 99 023 eller e-post for meir informasjon om programmet.