Årsmelding og rekneskap for 2010 vart godkjent i møtet. Det vart vedteke å ikkje etablera eit interkommunalt friluftsråd.

Varaordførar Lars Petter Nesse og rådmann Alf Olsen i Lærdal kommune orienterte om samhandlingsreforma og samhandlingsprosjektet dei vil invitera dei andre kommunane til å vera med på. 

Rådet fekk orientering frå Arne Glenn Flåten i Visit Sognefjord om prioriteringar, tiltak og organisering og frå Ivar- Bjarne Underdal om visjonar og vidare satsingar i Aurland ressursutvikling as. 

Saksdokument og presentasjonar