Avinor vurderer aktuelle løysingar til Nasjonal Transportplan 2014-2023. Utgreiinga om rullebaneforlening er bestilt av Sogn regionråd og inngår i Avinor sitt delprosjekt om framtidsretta utvikling av lufthamnene. I møte vart det vedteke at samferdslegruppa følgjer opp prosessen vidare og tek initiativ til eit møte med departementet.

Andre saker er at rådet gav tilskot til felles marknadsføring innan reiselivet, garanterer for båtrutetilbodet på Sognefjorden og Årdal kommune er medlem i Sogn regionråd.

Rådet fekk fleire orienteringar i møtet: Tenesteleiar Margun Thue orienterte om prosjektet lokalmedisinsk senter for Sogn og adm. direktør Jon Bolstad orienterte om aktuelt frå Helse Førde i tilknytting til prosjektet. Forskar Trond Buland presenterte funna frå evalueringa av prosjektet "Sats på skulen - snu Sogn" etterfulgt av paneldebatt. Rapporten frå evalueringa vil koma omlag 1. mars.

Møte i styringsgruppa for reiselivsorganisering var lagt til regionrådsmøtet. Prosjektleiar Synnøve Aabrekk presenterte framlegg til alternativ modell for reiselivsorganiseringa i Sogn, og vegen vidare vart skissert. Rapporten frå forprosjektet vil koma omlag 1. mars.

Saksdokument og presentasjonar