Korleis kan vi påverke samfunnsutviklinga og folketalsutviklinga i regionen? Marit Mellingen frå Distriktssenteret trekte fram dei viktige bli-faktorane, betydninga av den samla utviklingskapasiteten i lokalsamfunnet og planlegging som strategisk reiskap. Tommy Aarethun frå Initiativ Vest meiner tida er inne for å drøfta desentralisert sentralisering og utvikle ei felles forståing av at regionsenteret og omlandet er gjensidig avhengig av kvarandre. Ordførarane innleia om korleis vi kan jobba vidare og samarbeide for god samfunnsutvikling. Sognatinget kom blant anna med desse innspela i møtet: Vi må bli flinkare til å tenke nytt og ta aktive grep, vi må stå meir samla, vere rause og stola på kvarandre, næringslivet må meir med, samarbeide tettare om senterstruktur, vi må gjere meir for å behalde innbyggjarane vi har og det politiske miljøet må ha som mål å gjera kvarandre betre. 

Geir Kåre Resaland innleia om høgskulen si rolle i regionen og korleis arbeidsliv og høgskulen kan samarbeide for å utvikle regionen. Vi møtte tidlegare studentar som delte sine erfaringar om kva dei tek med frå HVL til arbeidslivet. 

Ellen Eimhjellen Blom innleia om prosjektet Samskaping for berekraftig Sogn som handlar om å få betre kopling mellom studentar, bedrifter, kommunar og frivillige organisasjonar. I moglegheitsverkstaden leia av Torkjell Solbraa jobba gruppene med problemstillinga om korleis samarbeide med HVL for å løyse kommunane sine utfordringar. 

Korleis nytte fou-ressursane til beste for nærings- og arbeidsliv? Ni forskarar frå høgskulen og Vestlandsforsking presenterte funn og forskingsprosjekt. Speedforskinga gav innblikk i mange spennande prosjekt: Korleis spelar meistringskjensle inn på læring, kva lærdom gir styrtregn og skred, helikopterforeldre, mindreårige flyktningar sitt ansvar ved familiegjenforening, skal vi bry oss om tørke og kva er data? 

Samarbeidet i regionen om mat- og restaurantfaget har gitt godt resultat. Sognatinget besøkte Sogndal vidaregåande skule til kokkekamp og middag. Trine Lerum Hjellhaug frå Lerum og Nils Asbjørn Lie frå Norway's best fortalde om korleis aktørane i regionen saman har mobilisert for utdanning. Faget er igjen attraktivt for ungdommane og 15 elevar starta på utdanninga hausten 2022. Takk til skulen og ungdomsbedrifta GFST Catering UB for godt vertskap. 

NOU 2022:10 Inntektssystemet for kommunene er på høyring. Sognatinget vedtok fråsegn om kraftinntektene i framlegget til nytt inntektssystem, sjå fråsegna her.

Presentasjonane finn du under: 
Ja, kommunen kan påverke framtidig samfunnsutvikling v/ Marit Mellingen, Distriktssenteret 
Samspel om utviklinga i Sogn - Korleis møte folketalsutviklinga i regionen? v/ Tommy Aarethun, dagleg leiar Initiativ Vest
Korleis jobbar vi vidare? Innleiingar frå kommunane v/ ordførarane - Presentasjonen frå Sogndal kommune 

Korleis arbeider HVL med regional utvikling? Kva ballast får studentane med seg frå HVL til arbeidslivet?
Samskaping for eit berekraftig Sogn v/ Ellen Eimhjellen Blom, Hvl og moglegheitsverkstad v/ Torkjell Solbraa, Sogndal kommune
Forsking i fokus - Speedforsking v/ Vegard Fusche Moe, prodekan for forsking, Hvl og åtte forskarar ved Hvl og Vestlandsforsking 

Program