Ordførarane møtte stortingsrepresentane Erling Sande og Alfred Bjørlo 26. mai. Regionrådet hadde særleg fokus på utfordringar innan samferdsle, cruiseturisme og inntektssystemet. Rådet står samla om Vikafjellstunnelen som prioritert prosjekt til Nasjonal transportplan. Benken fekk orientering om arbeidet om å etablera landstraum i Flåm som nullutsleppsløysing, oppgradering av Lærdalstunnelen og om utvikling av rammevilkår og inntektssystemet. 

Ordførarane orienterte også om aktuelle saker frå sin kommune. 

Lenke til presentasjonar:

Tema - innleiingar: 

  1. Velkomst v/ rådsleiar Roy
  2. Våre bestillingar i NTP – prioriteringar: Rassikring, KVU Skei – Håbakken, ferjeavløysing v/ ordførar Arnstein Menes
  3. Oppgradering av Lærdalstunnelen v/ ordførarane Audun Mo og Trygve Skjerdal
  4. Vikafjellstunnelen - eiga politisk bestilling v/ ordførar Roy Egil Stadheim
  5. Cruiseturisme i Flåm/ Aurland kommune v/ ordførar Trygve Skjerdal, hamnesjef Tor Mikkel Tokvam og ordførar Roy Egil Stadheim - Vedlegg: Notat status og oppfølging
  6. Kommunekvardagen i Sogn: Utviklinga i rammevilkår og inntektssystem. Kraftinteressene i spel – truslar og potensiale v/ Jarle Skartun, rådmann i Luster kommune

Korte orienteringar: 

  • Bygdevekstavtalane, målsetjing om at Sogn vert med v/ ordførar Arnstein Menes.
  • Offentlege arbeidsplassar, Statsbygg - Vik fengsel v/ ordførar Roy Egil Stadheim
  • Besøkssenter på Ornes v/ ordførar Ivar Kvalen
  • Laks i Lærdal v/ ordførar Audun Mo
  • Kraft og industri i Årdal v/ ordførar Hilmar Høl
  • Marint vern av Sognefjorden v/ ordførar Roy Egil Stadheim
  • Kriminalomsorg - tilbod i Sogndal v/ Arnstein Menes
  • Sogneprodukt i Vik v/ ordførar Roy Egil Stadheim
  • Verdsarvsenteret – Vestnorsk fjordlandskap v/ ordførar Trygve Skjerdal
  • Villreinstamma v/ordførar Audun Mo