Ho har arbeidserfaring som rektor, pedagogisk rådgjevar for barnehage og skule og har brei undervisningserfaring frå barne- og ungdomssteget. Ingrid er utdanna lærar og har teke leiarutdanninga "Sats på barnehagen - snu Sogn". Dei to siste åra har ho vore medlem av programstyret for System for styrka læring og var med i arbeidsgruppa for ny programplan 2022-2030. Ho kjem frå stillinga som tenesteleiar/rektor ved Aurland barne- og ungdomsskule.

- Eg ser fram til å ta fatt på den spennande jobben med å leie og koordinere utviklingsarbeid for skule og barnehage i vår region, seier Ingrid. - I Sogn er me tradisjonelt gode på nettverksarbeid, og eg vil gjerne bidra til å løfte dette ytterlegare inn i framtida. Eg er takksam og audmjuk over å ha fått denne mogelegheita og gler meg til å samarbeide rundt barn og unge i Sogn.

Ingrid Steine Bortne tek til som programleiar 1. mars 2022.

Programleiar har ansvar for å leie, koordinere og følgje opp det regionale barnehage- og utviklingsprogrammet "System for styrka læring". Skule- og barnehageutvikling i Sogn er kjenneteikna av breitt samarbeid mellom kommunane og andre organisasjonar og etatar. Kommunane har denne hausten vedteke å vidareføre programmet for 2022-2030.