Jeanette Walsvik kjem frå rådgjevarstilling i NAV der ho samarbeider tett med næringslivet og har erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid. Frå prosjektet Sogn for alle starta i fjor har Jeanette vore Høyanger kommune sin kontaktperson og har vore med i arbeidsgruppe for arbeid: - Eg søkte på stillinga fordi Sogn for alle er eit utviklingsarbeid eg å har lyst å vera pådrivar for.
 
Dei sju regionrådskommunane satsar heilskapleg på integrering. Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Prosjektleiar samarbeider med lokalt næringsliv, offentleg og frivillig sektor. 

Jeanette vil følgje opp delar av prosjektet frå no og startar opp i full stilling frå 1. desember 2021.