Utdanningsdirektoratet har i løpet av dei siste åra sett eit stadig sterkare fokus på lærande nettverk som metode for utvikling av barnehagar og skular. I Sogn har vi solid røynsle med denne metodikken, heilt attende til 1999. Stadig fleire regionar og kommunar ynskjer å lære av oss.  Kommunane i Sogn skil seg ut frå landet elles spesielt på tre område; satsinga på psykisk helse, satsinga på entreprenørskap som læringsstrategi og satsinga på lærande nettverk som metode for pedagogisk utvikling.

Den 7. november 2014 var dei seks kommunalsjefane i Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS) på studietur til Sogn regionråd. Fredag 5. juni var det dags for gjensyn på Stord, då 115 kommunalsjefar, rektorar, styrarar, tillitsvalde, høgskuletilsette og pp-tenesta deltok på FOS si dagsamling om lærande nettverk.

Claus Røynesdal, programleiar i System for styrka læring, fortalte om ulike perspektiv på utviklingsarbeid. Hovudtillitsvald Anne Siri Bentsen frå Utdanningsforbundet i Sogn og Luster teikna rammene for medeigarskap, samskaping og forankring. Rektor på Flatbygdi skule i Vik og leiar av rektornettverket i Sogn, Ole Jørgen Øygarden, fortalde om oppbygging av nettverka. Tenesteleiar for barnehagane i Sogndal kommune, Karin Johansen, presenterte soga og suksessen med lærande nettverk i barnehagesektoren i regionen. Det mest overraskande momentet var nok rektor Øygarden som serverte gamalost frå Vik – ostekanapear til heile møtelyden!

Presentasjonen frå samlinga finn du her. Gamalost finn du på butikken!

FOS; Forum for Oppvekst i Sunnhordland, er eit interkommunalt samarbeidsorgan for seks av kommunane i Hordaland; Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Sveio. Hovudmål for FOS er å samarbeida om oppgåver som vert løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå. Du kan lese meir om FOS på nettsida: www.fos-sunnh.no

Bilde FOS samling 5.6.2015 (1).jpg

Rektor Ole Jørgen Øygarden tek salen med storm og serverar det beste frå Vik!

 

Bilde FOS samling 5.6.2015 (2).jpg

Fire nøgde utviklingsagentar frå Sogn; Claus Røynesdal, Ole Jørgen Øygarden, Anne Siri Bentsen og Karin Johansen.