Dagen var todelt med ei fagøkt med Bro kompetansesenter AOF v/Dag Johannes Sunde og deretter arbeid med temaet vidare i grupper. Tema for dagen var å sjå samanheng i fag og på tvers av fag og relevans i opplæringa.

Elevmedverknad og elevsentrert undervisning vart det og sett søkelys på. Det vart gjeve konkrete tips til arbeidet med fagfornyinga. I tillegg kom ein bolk om vurdering i arbeidet og korleis ein kan planlegge skuleåret slik at elevane blir inkluderte på eit tidleg tidspunkt.
 
Det blir arbeidd vidare med temaet i fellesarbeid hausten 2020.

Dette vart ei annleis organisering av fagdagen på grunn av koronasituasjonen.