Regionalplanen er eit verktøy i Sogn regionråd sitt arbeid med å utvikla regionen. Regionalplanen har fokus på det regionale perspektivet og felles satsingar, og inneheld dei viktigaste satsingsområda som kommunane vil samarbeida om og løysa i lag i perioden. Planen blir laga kvart fjerde år. Dei fire satsingsområda i planen er: 

  • Attraktiv buregion
  • Kompetanse
  • Næringsutvikling
  • Samferdsle

Regionalplanen inneheld mål og strategiar for regionrådet sitt arbeid, og gjeld fram til 2024. Handlingsplanen inneheld tiltak og konkrete prosjekt og blir rullert ein gong i året.

Regionalplan for Sogn 2021-2024

Handlingsplan 2023