Kommunane i Sogn satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar. Innvandrarar representerer ein viktig ressurs for sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Gjennom prosjektet ønskjer vi å bli betre på å nytta moglegheitene som innvandringa bringer med seg.

Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Ei vellukka integrering vil kreve innsats og samhandling frå offentleg og privat næringsliv og frivillig sektor.

Prosjektet er delfinansiert av tilskot frå fylkeskommunen.

Prosjektplanen