Aurland Næringshage skiftar namn til Sognefjorden Næringshage, og samarbeider som likeverdig part med Sogn Næring AS om næringshagen.
Ein næringshage er samlokalisering av verksemder som driv innan kunnskapsintensive og kreative næringar, og som har tydelege fellesinteresser. Sognefjorden Næringshage ønskjer eit regionalt fokus og har to tematiske satsingar: Oppleving og reiseliv og IT og teknologi. Intensjonen er auka regionalt samarbeid der bedriftsmiljø i indre Sogn kan slutta seg til næringshagen.
Næringshagen vil leggja til rette for auka verdiskaping for bedriftene, auka tilgang til internasjonale marknader og bygging av relevante nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Programsatsinga går over 10 år, med delfinansiering frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er programeigar saman med Kommunal- og regionaldepartementet, og frå SIVA som er operatør.
Vi gratulerer Sognefjorden Næringshage med å bli teken opp i det nye programmet, og ønskjer lukke til i arbeidet med å skapa vekst og utvikling i sogneregionen!