Kvaliteten på opplæringa i barnehage og skule er eit av dei viktigaste satsingsområda til kommunane i Sogn regionråd. Kommunane har lang røynsle med interkommunalt samarbeid, og regionen scorar særs godt på skulefaglege resultat. Men – vi kan alltid bli betre. Og – vi bør redusere omfanget i bruk av spesialundervisning. Målet i det regionale utviklingsprogrammet ”System for styrka læring” er nettopp å styrka tilpassa opplæring, auke læringsutbytte for alle og redusere omfanget av spesialundervisning.

Den 17. september samla 61 leiarar frå oppvekstsektoren seg til ei fagøkt om spesialundervisning. - Kva er no eigentleg spesialundervisning, spurde Marit Mjøs frå Statped Vest. Kvar går grensene mellom ordinær undervisning og spesialundervisning? Korleis kan vi gjere systema våre betre, og korleis kan elevane få eit endå betre tilbod? Mange spørsmål, og endå fleire svar. Utfordringa med det store omfanget i bruk av spesialundervisning i norsk skule er ein "gordisk knute”, hevda Mjøs. Ein knute som må løysast med systemiske tilnærmingar i eit breitt spekter.

Løysinga er å samhandle regionalt for å skape, dele og bruke kunnskap. Til å hjelpe kommunane i dette arbeidet, har regionrådet leigd inn konsulentselskapet Deloitte. Wiggo Hustad og Veline T. Martinsen bidrog med organisasjonsteoretiske perspektiv og spesialpedagogiske systemverktøy for peike på eit spekter av moglege forbetringsområde i Sogn.

Arbeidet med å gjere barnehagane og skulane endå betre held fram. Den 7. november skal både styrarane og rektorane samlast, der vi går djupare inn i problemstillingane – og vonleg nærme oss løysingane på korleis vi kan nå dei overordna politiske måla.

Presentasjonen til Wiggo Hustad og Veline T. Martinsen frå Deloitte

Presentasjonen til Marit Mjøs frå Statped Vest