Når vi ser både på grunnskulepoeng og resultata av nasjonale prøvar, finn vi at Sogn og Fjordane trekk snittet i Noreg opp. Vi finn også at region Sogn trekk snittet i fylket vårt opp – kvart år. Kva er det vi gjer i Sogn som andre skular, kommunar og regionar gjer mindre eller lite av? Eller stilt på ein annan måte; kva er det vi i Sogn gjer mykje av?

Då er det fire strategiske grep som peikar seg ut. I sum har skulane, kommunane og Sogn regionråd satsa tungt på desse områda:

  1. Entreprenørskap
  2. Internasjonalisering
  3. Lærande regionale nettverk
  4. Psykisk helse/ sosial- og emosjonell kompetanse

Det er ingen andre regionar i landet som gjennomfører entreprenørskapsmesser for ungdomsskulesteget. Dette gjer vi i tett samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Vi har arrangert entreprenørskapsmessar med 600 elevar frå dei 12 ungdomsskulane i region Sogn kvart år sidan 2009. I tillegg har vi eit regionalt fagnettverk i entreprenørskap. Det er ein lærings- og utviklingsarena for skuleleiarar og lærarar. I Sogn har vi 21 regionale nettverk for skulane, og åtte for barnehagane. Nettverk er avgjerande viktig i kapasitets- og kompetansebygginga. Nettverk styrkjar utviklings- og  delingskulturen. Mange av skulane våre har jobba mykje med internasjonalisering. Det har stor effekt å knyte band på tvers av landegrensene og å lære av andre. Psykisk helse har vore eit viktig satsingsområde, og eitt av dei seks strategiområda i utviklingsprogrammet ”System for styrka læring”. Pedagogisk personale må ha fleire og breiare verktøy slik at vi kan nå alle elevane med universelle tiltak i klasserommet.

Entreprenørskap er både elevaktivitetar, ein pedagogisk filosofi og ein leiarstrategi. Pedagogisk entreprenørskap handlar om skuleutvikling og fornying av praksisfeltet. Det dreiar seg om styrking av eit variert læringsmiljø – og det handlar om skulen sin endrings- og utviklingskompetanse.

På konferansen i København presenterte vi korleis entreprenørskap er ein utviklingsfilosofi og ein leiarstrategi for skuleutvikling i Sogn.

Les Sogn avis "Pionerskule deltok på nordisk samling"

Presentasjonane:
Entreprenørskap som filosofi og ledelsesstrategi, Claus Røynesdal
Skoleutvikling med entreprenørskap som plattform, Ingunn Marie Myren

Programmet for samlinga til Nordisk Ministerråd