Frivilligheita sin kveld
Måndag 2. mai samla Sogn regionråd heile frivilligheita i Sogn på Quality Hotel Sogndal. Dei 60 oppmøtte representerte alt frå musikklag, bygdekvinnelag, Røde Kors til idretten, frivilligsentralar og kommunale einingar som jobbar med integrering. Rådsleiar Hilmar Høl innleia med at vi var samla fordi me har eit oppriktig ønske om å få ting til. Fordi vi ønsker å få til noko i lag. Fordi vi gjerne vil ha med oss enda fleire i det vi brenn for – og fordi vi forstår verdien av at vi er sterkare når vi løftar i lag.  I frivilligheitas år 2022 er dette rett og slett eit heilt strålande utgangspunkt. Vi er her også fordi vi ønsker å inkludera – og integrera.  

Kvelden gjekk fort med spennande innhald frå Distriktssenteret, Norges Bygdekvinnelag, Norges fotballforbund, Sogndal Bygdekvinnelag og Sogndal Røde Kors. Hanne Stedje, fungerande leiar for tiflyttarkontoret i Årdal og kontaktperson for Årdal i Sogn for alle losa oss flott gjennom kvelden. Vi fekk høyre at den viktigaste oppgåva for ein kommune er å skape ein stad der folk vil bu -uansett bakgrunn. Men kommunane kan ikkje gjere dette aleine. Frivilligheita og kvar einskild i lokalsamfunna speler ei sentral og viktig rolle. Vi fekk høyre at det skjer mykje bra i lokalsamfunna, men det er eit stort potensiale for auka involvering av frivilligheita i inkluderingsarbeidet. Vi må også ta eit steg vidare og få innvandrarane med som leiarar og aktive medlem. Vi fekk også høyre direkte frå dei det gjeld om kva som må til. Det var fleire modige innvandrarar som tok ordet og det kom mange gode forslag til vegen vidare. Det var kjekt å sjå kor stor vilje det er for å jobbe vidare med inkludering av innvandrarar og flyktningar her i Sogn! 

Sogn for alle-konferansen
Tysdag 3. mai var det duka for kick-off’en som vi skulle hatt i 2020. Hilmar Høl gjorde det klart at Innvandrarar er – uansett nasjonalitet, etnisitet, bakgrunn og trusretning og uansett kva som er grunnen til at dei komne til Sogn - særs viktige for oss, både i Sogn og elles i distrikta. Ein ting er at desse er med på å auka folketalet, men dei er også rett og slett med på å gje oss eit breiare mangfald, vidare horisont - ein meir fargerik fellesskap. For å integrera og inkludera, er me også nøydde til å invitera innvandrarane. Det gjeld både kvar og ein av oss som einskilde individ, det gjeld også offentleg aktørar, næringsliv og frivillig sektor – og det gjeld oss som storsamfunn. Og alle dei var samla på Quality Hotel Sogndal denne dagen. Dagen gjekk fort-alt for fort. Det var spennande innlegg frå Vestland fylkeskommune, vår eigen prosjektleiar, Distriktssenteret, Erlend Fardal Lunde, NTP, Norges bygdekvinnelag, Amjad Hanna og Simone Stibbe. Sogn for alle synte ein film om faktorane som gjer at folk blir verande som førte til kjensler hos ein kvar. Den kjente ukrainske jazzpianisten Volodymyr Solianyk ga oss eit innblikk i jazzverda og Line Bjelde frå Sogn Næring losa oss flott gjennom dagen. No fortset jobben i prosjekt Sogn for alle og vi kjem til å ta med oss alle dei gode innspel, problemstillingar og nye kontaktar vidare. Har du noko du vil bidra med, ikkje nøl med å ta kontakt med oss. For Sogn treng alle – Sogn er for alle.