Sidan 2013 har vi, saman med skulane og fylket, jobba for å utvikle ein god og berekraftig struktur for vidaregåande opplæring i Sogn. Det har gjeve resultat. Tilbodet er betre tilpassa det lokale arbeidslivet, elevane sine ønskjer og fylkeskommunen sin økonomi.

Det siste året har samarbeidet mellom våre to skular i Årdal og Sogndal og kommunane blitt styrka, i tråd med vedtaket frå fylkestinget i desember 2024. Dette arbeidet held fram.

Det er viktig at Årdal vidaregåande skule får behalde eit breiast mogeleg tilbod og fleire klassar. Elevtalsauken for industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefag styrkar både skulen og regionen. Skulen lovar også læreplassar til dei som kvalifiserer seg. Samstundes er det avgjerande at Sogndal vidaregåande held fram som ein stor skule med eit allsidig tilbod. Det vil sjølvsagt frå år til år vere naudsynt med justeringar ut frå samfunnet sine behov og elevane sine ønskjer.

Av programområda vil vi trekke fram restaurant- og matfag. Sogn er ei viktig reiselivsdestinasjon og i sterk vekst som mat- og drikkeregion. For å sikre framtidig rekruttering til desse næringane har skulen og næringslivet jobba tett saman for å utvikle opplæringstilbodet – noko som fylkesadministrasjonen støttar opp om i sitt forslag til endra opplæringsprogram i Vestland.

Vi ser fram til å halde fram det gode samarbeidet med fylket, skulane og dei tilsette – til beste for elevane, arbeidslivet og naudsynt framtidig utvikling og omstilling.