Hardanger og Sogn har mykje til felles og dei tolv ordførarane ser føre seg mange område å samarbeide om. Kraft, industri, reiseliv og rassikring vart trekt fram på felles rådsmøtet. Reiselivet har tett dialog i dag og har lenge samarbeidd på tvers av kommunar og regionar. Moglegheiter for meir samhandling vart løfta fram på møtet.

Kommunane i indre Vestland utgjer Noregs kraftbelte innan fornybar energi. – Vi har rikeleg tilgang med kraft i dei to regionane. Krafta må brukast her ho vert produsert, seier Torgeir Næss, rådsordførar i Hardangerrådet.

Nye strukturar gjer at samarbeid kjem til å spele ei viktigare rolle. Sogn og Hardangar har mykje å henta på å fronta viktige saker i fellesskap. Ved å stå samla vil dei to regionane hevda seg mot sentrale og regionale styresmakter.

- Ordførarane viste eit tydeleg ønske om samarbeid. Det kom mange gode innspel på tema og oppgåver som vi kjem til å jobba konkret med i tida framover, seier Ivar Kvalen, leiar i Sogn regionråd.