Bevaringsområde for hummar i Sognefjorden

Interesseorganisasjonar, yrkes- og hobbyfiskarar og andre interesserte blir inviterte til å gje innspel til etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden

Hummar Pixabay

Kommunane inviterer til møte for å informera om bakgrunnen for arbeidet og kriterie for val av område og for å få innspel til forslag til bevaringssoner.  

Tid og stad for høyringsmøta: 

  • 6. februar i Leikanger kommunehus for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal
  • 7. februar i Lærdal rådhus for kommunane Aurland og Lærdal
  • 8. februar i Balestrand rådhus for kommunane Balestrand, Høyanger og Vik

Møta byrjar kl 19. Representantar frå kommunane og Sognefjorden Vel deltek på møta. 

Hummarbestanden har gått ned langs heile sør- og vestlandskysten. Fiskeridirektoratet viser til at bevaringsområde har fleire positive effektar. I eitt av områda som vart freda i 2006 auka bestanden med 245 prosent. I tillegg auka storleiken og alderen. Sjå informasjon om effektane av  bevaringsområde på Fiskeridirektoratet si nettside 

Foreininga Sognefjorden Vel har utarbeidd forslag til bevaringssoner i Sognefjorden. Kommunane ber no om innspel frå interesseorganisasjonar og fiskarar på forslaget.  

Kommunane handsamar saka politisk før forslag til bevaringsområde blir sendt til Fiskeridirektoratet. Direktoratet gjennomfører ei formell høyring. Nærings- og fiskeridepartementet fastset forskrift om fredningsområde heimla i havressurslova. 

Forslag til etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden (pdf)

Les om etablerte fredningsområde og forskrift om fredningsområde på nettsida til Fiskeridirektoratet

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS