Heile 30 elevbedrifter frå 9.klassar i Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Vik og Årdal skal stolt syne fram det dei har jobba med i vinter. Ein kompetent jury får den vanskelege jobben med å kåra dei verdige vinnarane i ulike kategoriar. Kven blir beste elevbedrift? Kven får berekraftprisen? Kven har den beste standen?  

I tillegg kjem det fleire vaksenbedrifter som syner fram mangfaldet av næringslivet i Lærdal og omegn. Primærgjestene på messa er alle 8.klassingar i Sogn, for dei skal få sjå, oppleve og bli inspirert til det er deira tur å starte elevbedrift neste skuleår. 12 spennande bedrifter i Lærdal har takka ja til å ta i mot grupper med 8.klassingar som får lære meir om deira bedrift – så det blir eit yrande liv både inne i Lærdalshallen og rundt omkring på arbeidsplassane i bygda.  

I tillegg får 8.klassingane eit gnistrande føredrag med festivalsjef Stian Offerdal Vatlestad, der han fortel om korleis Jordeplerock såg dagens lys i 2013 og den spennande reisa frå det som var eit bulystprosjekt for ungdom til å bli ein av regionens største festivalar.  

Ved god hjelp frå våre sponsorar Sogn Sparebank, Østfold Energi, Kraftriket Sogn, Oskar Brugrand AS og Lærdal kommune, vertskapet, samt god innsats frå skulane i Sogn blir nok den 15.entreprenørskapsmessa ein stor suksess!  

Velkommen til Lærdal 16.april om du er nysgjerrig på ungdommane sine initiativ, skaparlyst og kreativitet!  

Brosjyra

Helsing på vegne av arrangørgruppa, 

Ingrid Steine Bortne 
programleiar System for styrka læring