Arbeidet omfattar godkjenning, tilsyn, rådgjeving og rettleiing i høve til kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. Både private og tilsette i offentleg og privat sektor kan kontakta miljøhygenikar med spørsmål om helse og miljø. Det er åtte kommunar i Sogn regionråd som er med: Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal kommune er vertskommune.

Meir informasjon finn du på  nettsidene til Sogndal kommune.