Kven eig problemet, og kvar får barnet hjelp?

Styrarnettverket for barnehagane i Sogn møter til samling 10. juni. Her vert det tverrfagleg fokus på tidleg innsats. Korleis kan vi best mogleg hjelpe barna i "gråsona"?

I tillegg til ’tradisjonelle’ forvaltningsoppgåver på saklista som kompetanseplan og årsjul, har vi invitert eit tverrfagleg panel til ei utviklingsøkt om tidleg innsats.

Kommunalsjef Osvald Lykkebø frå Sogndal ser barna i gråsona frå barnehageeigar sin ståstad. Olfert Øvrebø, leiar i pp-tenesta i Luster, løfter fram problemstillinga med systemhjelp eller individhjelp. Helsesøster Ingrid Menes frå Balestrand stiller spørsmålet om korleis vi tidlegare kan avdekke behov for barna, medan Elin Reinås frå Sogn barnevern utfordrar oss på kva tid og korleis barnevernet kan hjelpe.

Program

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS