Velkommen til vakre Sogn – distriktet med mangfald av naturopplevingar frå høgfjell og bre til ribb-, fiske- eller kajakkturar i vakre fjordar. Sogndal er største senteret med urbant tilsnitt, og variert kulturliv. I tilgrensande kommunar finn ein mindre sentra, aktivt idretts- og kulturliv, gode oppvekststilvilkår og gode lokale fellesskap. Kommunane i regionen har sine ulike eigenartar - frå høgskule- og studentmiljø til distriktskommunar med industri, turisme og jordbruk, alle omgitt av vakker natur med mangfald av aktivitetar.
 
Kommunane har starta ein prosess for å førebu tilsetting av psykologar som ny kommunal fagprofesjon. Sentralt i prosessen vert god førebuing og tilrettelegging internt i den einskilde kommune. Ein legg opp til fleirfaglege behandlingsteam der tilgrensande helseressursar inngår. Vidare vil nær kontakt med oppveksteiningane og andre relevante aktørar vere sentralt. Kommunal psykologteneste vil dermed vere ei teneste der ein møter klientar i sitt eige bu-, oppvekst- og arbeidsmiljø.

Sogn regionråd er samarbeidsfora for 9 kommunar (frå 2020 for 7 kommunar). Nye Sogndal (no: Sogndal, Leikanger og Balestrand), vert frå 2020 dette distriktet sin nye storkommune med om lag 12 000 innbyggarar. Saman med dei  kringliggande kommunane, Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Vik og Årdal, vil nye Sogndal danne senter for satsing på interkommunalt psykolognettverk. Målet med nettverket er å danne fagleg fora for drøfting av fagetiske spørsmål og felles utfordringar. Fagnettverket vil òg samarbeide nært med spesialisthelsetenesta som har distriktspsykiatrisk senter (DPS) lokalisert i Sogndal. I samarbeid med spesialisthelsetenesta vert det òg lagt til rette for at tilsette psykologar skal ha høve til spesialisering.

Sentrale føringar om den kommunale satsinga peikar på oppgåver som system- og samfunnsretta arbeid, førebyggande arbeid mot individ og grupper, lågterskel behandling og oppfølging av personar, familiar eller grupper. Kommunane vil vektlegge ulikt innan desse felta, jamfør omtale av dei ulike stillingane under. Endeleg utforming av stillingsinnhald vert lagt i samarbeid med den som vert tilsett i stillinga og psykologen vil ha høve å påverke og forme det psykologiske helsetilbodet i kommunane.
 
Ledige stillingar
Frå komande haust vert det lyst ledig 5 x 100% stilling for kommunepsykolog.

Kvalifikasjonskrav
• Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er en fordel
• Grunnleggande IKT-kompetanse
• Interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel
• Gode norskkunnskapar både skriftlig og munnleg med god framstillingsevne
• Personlige eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
• Må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.

Vi tilbyr
• Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjerande arbeidsmiljø
• Konkurransedyktig lønn i tråd med tariff
• Hjelp til å skaffe bustad
• Kommunane legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering samt deltaking i relevante faglege nettverk​
• Interkommunalt nettverk for psykologar for kollegastøtte, gjensidig rettleiing og fagleg utvikling og samarbeid med spesialisthelsetenesta
 
Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i Helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga. 

Stillingane fordeler seg på desse kommunane:

Sogndal kommune
Regionsenteret i Indre Sogn har vel 7 800 innbyggjarar og i skuleåret har bygda omlag 2 000 studentar og skuleelevar. Idrettslaget har eit breitt tilbod av aktivitetar. Samstundes er det eit godt lokalmiljø, eit koseleg sentrumsområde, der ein har "alt" det urbane ein treng, og eit variert kulturliv. Sogndal er stort nok til å gi mangfald, men lite nok til å gi oversikt, tryggleik og nærleik. Sogndal kommune har ein psykolog tilsett og søkjer no etter psykolog i 100% stilling.

Overordna mål for psykologtenesta er:
  • Klinisk arbeid på individ- og gruppenivå.
  • Rettleiing og rådgjeving til anna kommunalt helsepersonell.
  • Tverrfagleg systemarbeid med andre kommunale tenester.
Sogndal kommune vil levera psykologtenester til Vik kommune der overordna mål er å:
  • vere med å styrke helsetenesta særskilt til  barn og unge i eit familieperspektiv
  • bidra med styrking og utvikling av tenester innan psykisk helse og rus og gi rettleiing til anna personell i tenesta.
  • klinisk behandling på individ og gruppenivå. Tilbodet gjeld også innsette i Vik fengsel.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde på e-post Aslaug.Brende@sogndal.kommune.no eller på tlf. 952 59 611.
Søknadsskjema for stillinga finn du på www.sogndal.kommune.no.

Årdal, Lærdal og Aurland kommune:
Desse kommunane inngår i samarbeid om psykologtenesta og søkjer etter 2 psykologar. Tilsetting vert ved Sogn lokalmedisinske senter (SognLMS) i Lærdal. Psykologane vil arbeide organisatorisk i nær tilknyting til felles kommuneoverlege og som del av team lokalt i dei 3 kommunane.
Kommunane har følgjande overordna mål for psykologtenesta:
• Førebyggane tiltak primært for barn og unge på individ og gruppenivå der også rettleiing vil vere ei sentral oppgåve.
• Klinisk behandlingstilbod til barn, unge og vaksne.
• Tett samarbeid med barnehagar og skular, helsestasjonen, legetenesta, psykisk helseteneste, barnevern og andre relevante instansar.
 
Spørsmål om stillinga rettast til rådmann Arne Johansen på e-post arne.johansen@laerdal.kommune.no, eller på tlf. nr 416 88 422
Søknadsskjema for stillinga finn du på www.laerdal.kommune.no.
 
Høyanger kommune:
Søkjer psykolog i 100% stilling der overordna mål er å:
  • styrke tilbodet til barn og unge som har lettare eller moderate psykiske lidingar.
  • kvalitetssikre kommunen sine psykososiale tilbod for barn , ungdom og familiar. Dette vil skje gjennom undervisning, rettleiing og drøfting med andre faggrupper.
  • delta i ulike former for tverrfagleg samarbeid og prosjekt, og delta i plan og systemarbeid.
 
Spørsmål om stillinga rettast til Ingun Indrebø, kommunalsjef helse og omsorg på e-post Ingun.Indrebo@hoyanger.kommune.no eller tlf. 478 90 705.
Søknadsskjema for stilling finn du på www.hoyanger.kommune.no.

Sogn regionråd:
Dei ni kommunane i Sogn regionråd samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om ei psykologstilling. Psykologen vil arbeide med det kommunale folkehelsearbeidet. Arbeidsoppgåver er blant anna:
  • utvikling av kompetansehevingstiltak for tilsette ved barnehagar og skular
  • rettleiing og undervisning av personale i helse, barnevern, barnehagar, skular og PPT
  • undervisning, forsking og utviklingsarbeid ved dei ulike profesjonane ved høgskulen
Sogndal kommune er arbeidsgjevar. Arbeidsplass vert på høgskulen eller kommunal kontorstad i Sogndal etter avtale.

Spørsmål om stillinga rettast til dagleg leiar Karina Nerland på e-post Karina.Nerland@sogndal.kommune.no eller tlf. nr 908 30 284.
Søknadsskjema for stillinga finn du på www.sogndal.kommune.no.