Møte 28. oktober
Noralv Distad vart valt til leiar i Sogn regionråd. Rådet valde også representantar til arbeidsgruppene reiselivsgruppa, RUP-gruppa og samferdslegruppa.
Rådet løyvde midlar til Framtidsfylket for gjennomføring av profileringsmessene og vedtok å vidareføra avtale med Vik kommune om GIS-koordinator.
Lufthamnsjef Gunnar Solbakken orienterte om aktuelle tiltak og planar for Sogndal lufthamn Haukåsen.








