Forhandlingsutvala i dei seks kommunane var samla på Blix Hotell i Vik og drøfta utkast til intensjonsavtale. Det kom forslag til fleire endringar og tillegg til avtalen. Kommunane er samde om at det skal vera lys i alle rådhus. Spørsmålet om korleis dei ønskjer funksjonsfordelinga og korleis organisera den nye kommunen vart drøfta. Forhandlingsutvala treng meir tid før dei konkluderer kor kommunesenteret skal vera.

Det var semje om at namnet på den nye kommunen vert Sogn.

Dette var det andre møtet av ialt fire fram til 1. februar.

Neste møte vert 20. januar i Sogndal. Endra utkast til intensjonsavtale vil vera klar 19. januar.

Program 15.1.2016
Utkast til intensjonsavtale pr 12.1.2016