Representantskapet består av formannskapa i dei seks eigarkommunane og møtest minst to gonger i året. Sognatinget er ein viktig politisk arena for å drøfta utfordringar og moglegheiter og styrka samarbeidet i Sogn. 

På møtet 30. april handsamar Sognatinget årsmeldinga 2023 og delegeringsreglementet for Sognrådet IPR. 

Orienterings- og drøftingssakene er:

  • Statusrapport frå Sogn kommunalt oppgåvefellesskap v/ Tor-Einar Skinlo, styreleiar Sogn KO 
  • Eit land i endring - kommunescenario 2040 v/ Håvard Moe, seniorrådgjevar KS Konsulent 
  • Inntektssystemet for kommunane – kraftinteressene i spel v/ Jon Rolf Næss, styreleiar for Landssamanslutning for vasskraftkommunar 
  • Krafttilgang og nettkapasitet – kva er utfordringane og moglegheitene? v/ Bjørn Carlsen, direktør Sygnir 
  • Offentlege arbeidsplassar i Sogn v/ Jan Øhlckers, rådgjevar Vidsyn rådgivning AS
  • Merkevara Sogn v/ Line Bjelde, dagleg leiar Sogn næring 
  • Fersk oppdatering på kor mange studentar som søkjer seg til Campus Sogndal. Kva kan vi gjere for å få fleire til å velje Sogn som studiestad? v/ Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling Høgskulen på Vestlandet

Møtestad: Quality Hotel Sogndal

Dagsorden og sakspapir