Næringsnettverket i Sogn

Næringsansvarlege i sogneregionen møtest jamnleg for å utveksla erfaringar og informera kvarandre om aktuelle saker.

Næringsnettverket gir høve til å utvikla fagkunnskap, setja tema på dagsorden og samhandla med eksterne aktørar. Nettverket har så vidt starta opp. Det er alt teke opp fleire tema som har felles interesse. 

Kor dei møtest går på omgang, sist møttest dei i Årdal. Bedriftsbesøk høyrer med og i førre møtet fekk dei omvisning og orientering på Teknologisenteret til Hydro.

Olav Grov, næringssjef i Luster kommune, er leiar for nettverket.

Næringsnettverk 20.9.12 b

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Næringsnettverket frå førre møte i Årdal: Frå venstre leiar Olav Grov (Luster), Per-Odd Grevsnes (Sogndal), Odd Rune Turvoll (Vik), Terje Laberg (Årdal), Johannes Sjøtun (Balestrand), Per Holen (Leikanger), Olav Lühr (Aurland) og Terje Søreide (Høyanger).

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS